søndag, november 14, 2010

Eit lite livsteikn:)

Etter 3 late månadar på folkehøgskule kjende eg brått skrivekløa i fingrane. Ikkje det at eg har så mykje aggresjon som må ut i plenum eller livsviktige tankar som florerer i hjernebarken ; livet på Hedmarktoppen er nemleg av den bedagelege sorten. Her går dagane med til sosialisering, rampestrekar, synging, trening og enda meir sosialisering; eg har det med andre ord perfekt:D

Livet i folkehøgskulebobla er fantastisk; det kan ikkje skildrast, det må opplevast! Når eg skal fortelle andre om det, høyrest det ut som eit liv i Ila fengsel. Eg må leggje meg kvar kveld klokka tolv, eg deler eit rom på ti kvadratmeter, eg kan aldri ha beina på bordet, og eg har ikkje sett på fjernsyn sidan haustferien. Eg delar to dusjar med 40 andre og må alltid gå på det kollektive doet. Trass i manglande luksus, er internatlivet sjarmerande! Svevnen er eit must i den over sosiale kvardagen, roomaten min er super koseleg, og med det kollektive toalettet kan eg få med meg den nyaste gossipen på skulen. Alt har sin sjarm, er det ikkje det dei seier?:)

Eg kjem sterkare attende med saftige nyhende om ei stund, no må eg nemleg forlate peisestua ( vi har ikkje internett på rommet!), og kople meg til omverda. Å surfe på verdsveven sine blå bylgjer er nemleg ein nedprioritert hobby på Toppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ytre di meining om denne saka?