mandag, august 10, 2009

Heime bra, men Dvergsnestangen best:D

Kjensla av vemod reiv i meg då eg våkna i dag. Det var som om 1. januar og alle dei 52 søndagane kom på same dag. Mareritt x 10.. Eg er inga kvinne i nuet, og det set noko ufrivillig preg på min kvardag. Sumaren syng på siste vers, og eg hatar det. Eg har 6 vakter på sjukeheimen og 2 dagar fri att, før kvardagen igjen kjem som snø i April.
Dei tre siste vekene har vore rett HERLEGE. Og dei seks siste dagane har eg vore på Sørlandet, nærare Dvergsnestangen med 1000 andre KRIKarar.
Då eg slo opp augene i dag tidleg var det mange brikker i puslespelet som mangla. Eg låg i ei seng, og eg delte ikkje ei halv luftmadrass med mi kjære Klara- Marie. Føtene mine var ikkje plassert i fosterstilling i ein trillebag, og eg heldt heller ikkje på å fryse i hel. Eg var ikkje redd for å stå opp, i fare for at nokon av det motsatte kjønn skulle sjå mitt morgontrøtte tryne, og eg måtte ikkje gå 300 meter til badet. Eg bekymra meg heller ikkje for at mobilen var uten straum, og eg hadde ingen planar om å ete knusktørt rundstykke med nugatti, og veret kunne rett og slett ikkje brydd meg midre. Det er hardt å kome heim frå leir, det trur eg dei fleste kan skrive under på. Sjølv, likar eg å inbille meg at det er enda hardare for vesle meg. Vesle meg, som er einebarn og bur der ingen skulle tru at nokon ville bu ( ikkje misforstå, til tider er det herleg å bu på vene HAREID). Men somme tider kjennest det ut som eit Ufrivillig sosialt sjølvmord.



Det vidgjetne leirbobla har det med å sprekke, diameteren vert liksom aldri stor nok.. Heldigvis sit eg att med eit hav med gode minne, rare opplevingar og sist men ikkje minst, andleteboka er heller inga ulempe etter slike arrangement.

3 ville kommentere dette innlegget.:

Anonym sa...

Eg syns du konne kommentert kor kjedligt det va å sovna uten å bli mobba for dialektå eller hørra Døbaby vitsar fra noen me tjokke dialekt :-p

Helga sa...

Døbaby faktisk:p hehehe, ja, de e under vurdering, menne no vekje ej ken so he kommentert ditte da mr annonym:p

Klara-Marie sa...

åååh, SAVN <3

Legg inn en kommentar

Ytre di meining om denne saka?