søndag, juni 07, 2009

Smaken av lukke

Ein skal ikkje sove bort sumarnatta, men bruke henne til å informere resten av omverda at ein framleis er i live.Akkurat i denne vene augneblinken er eg eit lukkeleg menneske. Det er nokså nøyaktig 2,5 døgn att til sumarferien, inngangen til den abstrakte perleporten som ALLTID fører til paradis. Eg har aldri vore meir klar for ferie enn eg er no; Lange netter med meiningsløyse, lange fjellturar, meir trening, meir venetid og sist men ikkje minst; Gjere enorme forsøk på å fullføre halvgjorde prosjekt. Med andre ord, meir tid, tid eg sjølv kan forvalte, uavhengig av ytre autoritetar (crewet til Møre og Romsdal fylkeskommune)

0 ville kommentere dette innlegget.:

Legg inn en kommentar

Ytre di meining om denne saka?