mandag, juni 08, 2009

FANTASTISK!:D


Enkelte kapittel i livet sin roman er tyngre skrivne enn andre. Dei inneheld få metaforar og er eigentleg beint fram keisamme. På ei av desse sidene i min livsroman, er " Tysk" undertittelen. Å fullføre denne sida har vore ein kronglete veg utan sidestykke. Eg har lede meg gjennom transparang etter transparang,gramatikk og oppattsjåing av dei same filmane minst 1700 gongar. For å lage ein knakandes slutt på denne sida, kom eg også opp i tysk skrifteleg. INGENTING er meir spanande enn å diskutere likestilling på tysk...

I dag kom timen eg har venta på, dei fem siste åra. Dagen der det skulle setjast punktum på tysksida. Lukka heldt på å boble over då eg forlet klasserommet. Aldri meir, aldri meir skal eg lide meg gjennom 45 minutt med tysk, aldri meir skal eg sjå "die susanne", og aldri meir skal eg skrive av transparang som truleg er gamlare en tippoldemora mi. Denne dagen er verkeleg ein milepæl!;)

2 ville kommentere dette innlegget.:

  1. die susanne!! dinna båten!! den e no KJEKKE!! :D

    mvh Jorunn

    SvarSlett
  2. Den e kjekke fyrste gongen, men når d bli 13 gong du ser episoda.. då bli d kjedli!!

    SvarSlett

Ytre di meining om denne saka?