Proporsjonalt med at resten av omverda bloggar meir og meir, bloggar eg mindre og mindre - kanskje fordi eg rett og slett ikkje har eit naudsynt behov for å skrive om kva eg gjer til den minste detalj, som visse andre... Sidan førre innlegg har det ikkje hendt noko særskild spanande, i alle fall ikkje banebrytande.
- Nyhende, på ein måte:
Eg har fått meg nye brille, det vil seie at eg ikkje berre er langsynt, nærsynt, og "sjoglete". Mine ikkje så lenger kjære hornhinner er vist også skeive.. Det neste er vel at eg får diagnosen trangsynt... ( noko som somme hevdar at eg allereie er.) Dei nye brillene er lilla, noko som eg både hatar og elskar. Eg har hatt dilla på lilla i snart to år no, og på mange måtar kjenner eg på meg at eg er på veg ut av den lilla fasen i livet; perfekt timing med at eg frå no av får eit meir lilla perspektiv på livet enn nokon gong..
Det er ikkje berre lilla eg har dilla på. Eg har nemleg blitt avhengig av kaffi. Eg har vandra rett over på feil side av saka . I barndommen såg eg på kaffidrikking som ei kriminell handling på lik line med drap.Men, så falt eg altså for denne mørke freistinga,og blei trylla om til ein av livets mørkemenn. Som følgje av vandringa i denne onde sirkelen, kjem eg såleis heim frå skulen med laktosesjokk kvar einaste dag, fordi eg har helt i meg iskaffi eg ikkje toler. Ja, eg veit det, den som er med på leiken, han må visst tole steiken.
Og til slutt, berre sann visst du lurte: Eg har IKKJE ete godteri dei siste 9 dagane! Eg er med andre ord i gong med min 1234567 godtestreik, så ikkje kom her og frist meg!:)
Og når eg først er i gong: Eg er djupt, såra, vonbroten, krenka og oppgitt x 1000 over Winderøe- makan til drittsørvis skal ein leite lenge etter. Er du ute etter ein hyggeleg, varm og imøtekommande samtale, veit du i alle fall kven du IKKJE skal slå på tråden til!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ej skal love å ikkje friste dej, Helga :-) Her må vi støtte kvarandre!:P
SvarSlettOm vi ska Camilla, å d verste e at ej ikkje savna sjokolade en gong:) Men på Arena, då ska vi nyyyyte d:)
SvarSlett