torsdag, april 23, 2009

Politikk.

Av og til får eg ein straum av kalde frysningar, kjenner meg uvel og ein smule kvalm. Ikkje fordi eg er fysisk sjuk, men fordi eg rett og slett er mentalt flau og oppgitt av og over mine medmenneskje. To dagar på rad har eg fått ei slik skrekkblanda oppleving. Fyrst på onsdag, då den uoffisielle spørjeundersøkinga om politikk frå klasse 2st2 var forkynna, og i dag då eg fann den styggaste "buttonsen" eg nokon gong har sett i kantina. Ein del av meg seier eg skal hevde meg over det,medan ein annan del vil skrike det ut til resten av omverda. Undermedvitet har for lengst teke det siste valet.

Igår var det nemleg høgre, tett etterfulgt av frp som vann det uoffisielle valet i klassa. Hallo! Verda kjem til å gå under, dersom mine medelevar skulle styrt gamle Noreg. Men, hadde verda så gått under,kunne vi vel berre chartra eit fly og tatt turen til Spania, så kunne alle bompengane vi ikkje hadde betalt rydde opp i krisa her heime. For pengar veks vel på tre? Nei, heldigvis er det lenge til val, og nok tid til å opplyse folket, istadenfor å levere ut buttons med " Heller død, enn rød". Går det an å synke djupare? Eg såg raudt ( bokstavleg talt) då eg såg dei fire orda.

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Det er ein grunn til at hjartet ligg på den venstresida, og mitt hjarte er ganske langt til venstre ( nei, eg er IKKJE kommunist!)

9 ville kommentere dette innlegget.:

  1. Heilt einig. STÅ PÅ :)
    Dumme FrP. Brainwashing morons since 1955. Sukk.
    :)

    SvarSlett
  2. Godt å lese at ikkje "alle" henge med på det som "liksom høyres så enkelt ut":)

    Du er vel meir mot venstre enn Venstre også du? Vi håper å få starte Unge Venstre i løpet av våren, gi meg eit vink om du er interessert i å bli med:)

    SvarSlett
  3. Håpe du tør snakke med dei i slekta di som har hjertet litt lenger til høyre. Enten det er i sentrum eller et steg vidare. Det er vel ingen FrPere rundt oss, men ellers er vi et fargerikt felleskap. Og verden har ikkje gått under her i Rogaland enda :p

    SvarSlett
  4. Hehe,sjølvsagt,Maria:)Og så det er sagt, det er skilnad på blærete unge høgre, uvitande frparar, og dei frparane og høgrefolka som faktisk kan argumentere sakleg ( og ja: i dette innlegget var eg usakleg! Og Annika, truleg er eg meir mot venstre, men kor eg står veit eg ikkje enno..

    SvarSlett
  5. Du er uansett hjartans velkommen om du er litt nyfiken. Annonse og pr kjem om litt:)

    SvarSlett
  6. Hehe,det er under vurdering, Annika:)

    SvarSlett
  7. ja, heilt enig Helga! Frp og Høgre er så usaklege og tek alle under same kam!

    SvarSlett
  8. so friheit er inga prioritert sak for deg, helga?

    SvarSlett
  9. Fridom? Meinar du fridomen til å vere rasistiske og til dyrke alt anna enn rettferd?

    SvarSlett

Ytre di meining om denne saka?