fredag, april 10, 2009
Kjensla av sumar<3
Temperaturmålaren syner langt over ti grader. Sola skin klisjeaktig nok som pærler på ei snor,og folk er ekstremt mykje blidare enn til vanleg. Det er liksom ikkje til å ta feil av, " sommer på jorda" kallar postgirobygget det, påskeferie kallar kalendaren det, ein schizofrenisk vår ville eg kalla det.Eg har rett og slett kjensla av at det er sumar, og eg elskar det. Lyse kveldar og eit hav av tid, eit hav av tid som eg inst inne veit eg ikkje har...Diverre er det kalendaren eg må rette meg til,det er intuisjonen som har vikeplikt i livet sine trafikkreglar.. Menn,menn kvinner og barn,kjensla av sumar,den kan INGEN ta i frå meg, og om 10-12 veker er ho ikkje lenger ei abstrakt kjensle, men ein konkret realitet!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 ville kommentere dette innlegget.:
Legg inn en kommentar
Ytre di meining om denne saka?