søndag, mars 29, 2009

Life is a rollercoaster..:)

Livet er som ei berg og dalbane, i alle fall i følgje Ronan Keating. Slik er også stoda på fagre Hareid, Snø, varme, solbriller, ballerinasko og boblejakke. Nei, eg skal ikkje bli statsmeterolog i næraste framtid, ergo skal eg slutte å snakke så mykje om vëret. Eg er 17, ikkje 70:) Snø ikkje snø, mandag eller torsdag-føremiddag,eg er generelt nøgd med livet om dagen. Akkurat no er eg sliten, ikkje fysisk eller mentalt- berre i lattermusklane. Eg har hatt besøk av tre fantastiske vener, der lasagne, "Tatt av kvinnen", gossip, levande lys, is og sjokolade stod på menyen... Nokre herlege timar eg ikkje ville vore forutan:)Hadde eg vore geniet bak kalendaren - hadde kvar dag fått namnet laurdag!:D

0 ville kommentere dette innlegget.:

Legg inn en kommentar

Ytre di meining om denne saka?