
Overskrifta er velbrukt, truleg fordi ho er ganske skildrande og ålmenn til alle slags situasjonar. Vinterferien syng på siste vers, og her sit eg med beina på bordet og tenkjer over alt eg ikkje har gjort, og heller ikkje kjem til å gjere resten av ferien. Eg kjem ikkje til å fullføre lekseskippertaket, og eg kjem heller ikkje til å trene så mykje som eg gjerne skulle ha gjort. Utruleg nok har ikkje døgeret meir enn 24 timar i ferien heller! Sjølv om det er det eg ALLTID innbiller meg.
Men kva gjer eg alle desse timane? Desse timane som forsvinn som morgondugg på sumarsdag. Vel, eg veit rett og slett ikkje... Eller? Jo eg veit det. Inst inne, eg er berre flau for å seie det høgt, eller rettare sagt skrive det ned. Timane forsvinn på den store verdsveven. Den store verdsveven er ein meister til å trollbinde meg, vips fyk tida rett or hendene mine. I det siste har eg filosofert litt over kvardagen. Kva om eg vakna ein morgon, og andleteboka var borte? Kva hadde eg gjort då? Eg hadde truleg følt meg djupt krenka og vonbroten lant inn i hjarterota dei første 45 sekunda, men så hadde eg vorte letta. No kunne eg kanskje gjere noko fornuftig. For er det ein ting som ikkje er fornuftig eller som eigentleg ikkje gjev livet mitt større meining, så er det denne surfinga på verdsveven. Det er ein ond sirkel, ein ond sirkel som får større og større radius...
Eg ler meg skakk i hel når eg tenker på det. Her sit vi, alle mann alle og glor inn i ein liten skjerm. Vi er livredde for å gå glipp av noko, livredde for å ikkje henge med i samfunnet. Tenk alt eg hadde gått glipp av dersom eg ikkje visste at naboen "tok livet" med knusande ro, eller at ein person eg møtte på leir for sju år sidan no var " utan fast fylgje". Utan desse opplysningane hadde eg jo ikkje overlevd resten av dagen. Tenk viss nokon skulle konfrontere dei med meg i lunsjen, og eg ikkje kunne henge med i samtalen. Det hadde jo vore sosialt sjølvmord på høgste nivå! Eller kva skulle eg gjort utan dei meiningsfulle samtalane om alt eg gjer når eg sit framfor dataen. Det er jo ei kjensgjerning at det er i augneblinkar med laptopen på fanget, livet sine store augneblinkar vert tatt vare på... Kva gjorde folk eigentleg før facebook. com var tilgjengeleg?
Truleg brukte dei jungeltelegrafen,og slo opp i bygdeboka. Så slapp av folkens, brettsegling på tussa sine bylgjer er rette og slett eit menneskeleg behov. Sett deg godt til rette, og syg til deg informasjonen. Kven veit, kanskje er han du møtte på leir for sju år sidan brått oppført med fast fylgje?;) Den som lever, får sjå!:)

0 ville kommentere dette innlegget.:
Legg inn en kommentar
Ytre di meining om denne saka?