onsdag, februar 25, 2009

Kaffi?!


For nokre månadar sidan meinte eg at brunt søylevatn i form av afrikanske bønner var bullshit. Kven ville drikke denne gifta frivillig? Dei som var fødde utan smakslaukar? Eg forstod det rett og slett ikkje, løyndommen bak denne mystifistiske drikken. Den mystifistiske drikken som vaksne drakk fleire gongar dagleg, inviterte kvarandre til ,og rett og slett var himla avhengig av.

No forstår eg det. Eg har knekt koda,men eg veit ikkje korleis. Dei første siffera var trulege den himmelske iskaffien i skulekantina. Dei aromatiske edle dråpane som har redda meg mang ein skuldag, skuletime og friminutt det siste skuleåret. I skrivande stund,er eg avhengig. Må ha det berre må ha det. Men no må eg gå... Det himmelske søylevatnet er nytrekt, og eg er klar for koffeinsjokk.

0 ville kommentere dette innlegget.:

Legg inn en kommentar

Ytre di meining om denne saka?