Eg har fyrt i peisen i dag, med femten gamle aviser og to vedkubbar. Slik går det når frøken Gjerde fødd utan praktisksans er heime åleine. Kong Vinter har erobra Hareid, og eg HATAR det! Vinteren kan etter mi meining dra dit peparen gror, kvar enn det måtte vere. Vinter, Haust dritver, mangel på skills, det er FERIE, og eg anar rett og slett ikkje kvifor og korleis denne haustferien har vorte eit faktum. Eg lever nemleg endå i den nostalgiske sumarbobla. Sandalane og sumarkjolen ligg framleis innanfor rekkevidde, og er framleis klar for å vakne opp av ein rar draum der ein brun lapskaus av regn, skule, trening, jobb, sosialt samvære, og lekser er hovudingrediensar... Men, nei, denne lapskausen er utruleg nok berre ein metafor av mitt a4 liv utan eksisterande undermedvit.. Og eg som trudde folk laug, når dei sa det siste året på vgs gjekk fort.. Hmm, det er truleg på tide å halde seg fast i svingane, for dette går fort!
Elles hadde eg ein heidundrande fæl tannlækjartime på torsdag. Generelt er eg ikkje blodfan av tannfeen frå røyndommen, men denne tyske herremannen tok kaka. Eg hadde hol i eine tanna ( kanskje på tide å pusse tennene fem gongar dagleg no?) og skulle ned på dette offentlege nedslitte kontoret å bore vekk karius og baktus. Før tannrøktaren hadde stukke den ein meter lange sprøyta inn i kjeften min, kom tårene pressande på.... Dei neste minutta gjekk som slike minutt berre går; UFATTELEG sakte. Etter bråking, biting og ising av min kjære jeksel, kom høgdepunktet i form av fire ord: " Trivst du på ungdomskulen, ja det er på ungdomskulen du går, ikkje sant?. Korleis skal VESLE meg, med fire tampongar og to hender i kjeften forklare på kav sunnmørsk til den tyske tannlegen, at eg faktisk går siste året på vgs, og er myndig om tre veker? For å seie det mildt, eg og mine 158,7 cm kom oss rett og slett ikkje fort nok ut av det gråfarga kommunekontoret mot det grøne exit-skiltet ... Adios.. No skal eg legge meg, men først skal eg pusse tennene i ti minutt, helle i meg eit par liter flour, og knaske eit par fluortablettar, for mitt forhold til den offentlege tannhelsetenesta er offisielt slutt, for evig og ALLTID!
søndag, oktober 04, 2009
mandag, september 07, 2009
Grisesjukheit og anna bullshit.
Som fireåring hadde eg like bastante meiningar som no, og på mange plan var dei igrunnen enda meir bastante. Til dømes hadde eg ei sjuk oppfatning av svinekjøt. Eg trudde nemleg kjøtet som kom frå grisen var livsfarleg, og tok til tårene kvar gong nokon sa meg imot.... I dag greier eg å ete skinke, men thats it. Eg får brekningar av andre griseprodukt, og spyr av bacon..
Difor trur eg svineinfluensa er litt som lukta av bacongull, heilt på tryne... Eg trur nemleg det verdsvidgjetne virus er på rundtur i kroppen min, og eg likar det ikkje! Hosting, feber, hovudverk og trøttleik.. Vonleg er det berre eit mildare utbrot av den gode gamle influensa, men eg har mine tvil..

torsdag, september 03, 2009
Kvardag
Eg sukkar djupt, det er berre å innsjå, sumaren 2009 har offisielt gått i minneboka.
KVARDAGEN med store bokstavar har blitt eit konkret realitet. Skule, lekser, svevn, trening og sosialt samvære, fem stikkord som i seg sjølv krev meir enn døgnet sine 24 timar. Men, for ein gong skuld skal eg ikkje klage. Eg har det bra, svært bra etter tilhøva, truleg fordi talet på prøver og innleveringar ikkje er tosifra, i alle fall ikkje endå.
At det norske russefenomenet skulle føre med seg så mykje bry, hadde eg derimot aldri trudd. Det er igrunnen ganske absurd, at vesle meg, 158,5 Cm på strømpelesten, er russ og avgangselev.
For på mange måtar, kjennest det ut som det var igår, at eg telde på fingrane i lange baner for å rekne meg fram til året eg var russ. 2010 - det kunne likså godt vore eit hundreår inn i framtida det, for 12 år sidan. Men no er altså dette urnorske fenomenet i ferd med å bli ein realitet, i ei forykande fart. HJELP!
Russ, ikkje russ. Ein ting er i alle fall sikkert, tida er i ferd med å få ein enorm akselerasjon, eller så er den berre eg som er i ferd med å vekse til..

tirsdag, august 18, 2009
Punktum.
Det eksisterer alltid eit stadium i livet ein må setje punktum, det er alltid noko som skal endast på eit vis. Eg er av dei som likar å skrive lange setningar, eg er med andre ord ikkje slik som Tarjei Vesaas eller Erlend Loe.Eg likar ikkje at kjekke ting tek slutt. Punktumteiknet kjem truleg aldri til å bli det viktigaste ordet i mitt vokabularreportuar. Det er ikkje berre lange setningar som krev punktum, men hendingar, opplevingar og ja, utruleg nok også feriar, desse punktuma blir dog litt meir i den abstrakte kategorien. I denne vene augneblinken er eg i ferd med å setje punktum for Sumaren 09, og eg mislikar det sterkt.
mandag, august 10, 2009
Heime bra, men Dvergsnestangen best:D
Kjensla av vemod reiv i meg då eg våkna i dag. Det var som om 1. januar og alle dei 52 søndagane kom på same dag. Mareritt x 10.. Eg er inga kvinne i nuet, og det set noko ufrivillig preg på min kvardag. Sumaren syng på siste vers, og eg hatar det. Eg har 6 vakter på sjukeheimen og 2 dagar fri att, før kvardagen igjen kjem som snø i April.
Dei tre siste vekene har vore rett HERLEGE. Og dei seks siste dagane har eg vore på Sørlandet, nærare Dvergsnestangen med 1000 andre KRIKarar.
Då eg slo opp augene i dag tidleg var det mange brikker i puslespelet som mangla. Eg låg i ei seng, og eg delte ikkje ei halv luftmadrass med mi kjære Klara- Marie. Føtene mine var ikkje plassert i fosterstilling i ein trillebag, og eg heldt heller ikkje på å fryse i hel. Eg var ikkje redd for å stå opp, i fare for at nokon av det motsatte kjønn skulle sjå mitt morgontrøtte tryne, og eg måtte ikkje gå 300 meter til badet. Eg bekymra meg heller ikkje for at mobilen var uten straum, og eg hadde ingen planar om å ete knusk
tørt rundstykke med nugatti, og veret kunne rett og slett ikkje brydd meg midre. Det er hardt å kome heim frå leir, det trur eg dei fleste kan skrive under på. Sjølv, likar eg å inbille meg at det er enda hardare for vesle meg. Vesle meg, som er einebarn og bur der ingen skulle tru at nokon ville bu ( ikkje misforstå, til tider er det herleg å bu på vene HAREID). Men somme tider kjennest det ut som eit Ufrivillig sosialt sjølvmord.
Det vidgjetne leirbobla har det med å sprekke, diameteren vert liksom aldri stor nok.. Heldigvis sit eg att med eit hav med gode minne, rare opplevingar og sist men ikkje minst, andleteboka er heller inga ulempe etter slike arrangement.
Dei tre siste vekene har vore rett HERLEGE. Og dei seks siste dagane har eg vore på Sørlandet, nærare Dvergsnestangen med 1000 andre KRIKarar.
Då eg slo opp augene i dag tidleg var det mange brikker i puslespelet som mangla. Eg låg i ei seng, og eg delte ikkje ei halv luftmadrass med mi kjære Klara- Marie. Føtene mine var ikkje plassert i fosterstilling i ein trillebag, og eg heldt heller ikkje på å fryse i hel. Eg var ikkje redd for å stå opp, i fare for at nokon av det motsatte kjønn skulle sjå mitt morgontrøtte tryne, og eg måtte ikkje gå 300 meter til badet. Eg bekymra meg heller ikkje for at mobilen var uten straum, og eg hadde ingen planar om å ete knusk
tørt rundstykke med nugatti, og veret kunne rett og slett ikkje brydd meg midre. Det er hardt å kome heim frå leir, det trur eg dei fleste kan skrive under på. Sjølv, likar eg å inbille meg at det er enda hardare for vesle meg. Vesle meg, som er einebarn og bur der ingen skulle tru at nokon ville bu ( ikkje misforstå, til tider er det herleg å bu på vene HAREID). Men somme tider kjennest det ut som eit Ufrivillig sosialt sjølvmord.Det vidgjetne leirbobla har det med å sprekke, diameteren vert liksom aldri stor nok.. Heldigvis sit eg att med eit hav med gode minne, rare opplevingar og sist men ikkje minst, andleteboka er heller inga ulempe etter slike arrangement.
tirsdag, juli 28, 2009
Ein skal kraftig utdritast, for god kone å bli;)
Etter mykje planleggjing i det skjulte, hundrevis av meldingar på facebook, e-mailar, meldingar og telefonsamtalar var vi endeleg klar for å skipe i stand eit utdritingslag for mi kjære Ragnhild. Som forlovar tok eg oppgåva seriøst, og med gode medhjelparar vart det både tilkalla brannmenn med brannbil, motorsyklist,massørar og kidnapparar. Dagen vart ein herleg suksess;) Husmormiddag, alias, og jentesnikksnakk stod også på tapeten. Det er synd slike samankomstar ikkje skjer oftare! All ære til brura som tok det meste med eit smil, hadde alle berre vore som deg, Ragnhild mi <3
torsdag, juni 25, 2009
Smaken av sumar

Jordbæra er i ferd med å smelte på tunga. Jordbæra, som saman med solbrillene, grillen, dei svidde pølsene, og den vakre solnedgangen- er med på å skape ei perfekt atmosfære. Ei perfekt atmosfære som er så fantastisk at det rett og slett ikkje er gode nok ord til å skildre. Ei abstrakt atmosfære som kjem som oksygenrikt luft kring 20 juni.kvart einaste år. Sumar, er og blir det beste som finst. I skrivande stund har eg 8 veker att av herlegdomen som eg hugheilar det av heile mi raude blodpumpe. Bryllaup, bading, soling, latter, fjellturar,sosialt samvære,jobbing trening, lange sykkelturar og sist men ikkje minst; bruke tid til å gjere ingenting; Undre, filosofere, sjå på meiningslausheit på fjernsynet og surfe på verdsveven sine grønblåe bylgjer. Å, hadde det berre vore sumar 365 dagar i året...
Abonner på:
Innlegg (Atom)